torsdag 7. april 2016

Hårpynt i stoff

Har fått nokre spørsmål om korleis eg syr sløyfene eg bruker på hårstrikkene og hårsløyfene, så laget derfor denne tutoralen:
 
 Fyrst klipper eg eit kvadrat i ynskt størrelse -eg bruker 11x11
 Så bretter eg stoffet dobbelt og syr den eine siden -hugs vrengehull- eg synes det er best å ha det midt på.
 "Legg" sømmen midt på og sy sidene, da vil du få sømmen midt bak på sløyfa
 Så syr eg "båndet" som eg har rundt sløyfa
 Eg vrenger sløyfa og båndet og syr igjen vrengehullet og syr båndet rundt sløyfa.
 
 Til slutt syr eg fast hårspenna. 
Dersom eg skal lage hårstrikk syr eg den fast hårstrikken når eg syr på båndet.

fredag 10. april 2015

Kjole til Snuppa og tunika/kjole til meg sjølv

Eg er svak for lilla... Og dette stoffet med trær på syntes eg var så fint. Det er frå lillestoff og heiter trees og det "prikkete" stoffet heiter trees kombi, og er beregna til å kombineres med trees. Stoffene fann eg i min favoritt nettbutikk Kjekk og søt. Eg sydde fyrst ein tunika/kjole til meg sjølv, der tok eg utgp. i eit mønster på ein genser-Martha, og endra det. Av restene ble det ein kjole til Snuppa. Mønsteret til denne kjolen heter Herzdame, og er eit herlig kjolemønster.
Så no er vi begge klare for sommaren!
 


Syassistent og symamma

Tidlegare i år sydde eg meg denne genseren i symaskin stoffet, det "måtte" eg jo ha. Og av "restestoffet" sydde eg body til snuppa. Ei vennine har kallar Snuppa for syassistenten min, så da måtte eg få på tekst på bodyen, så der står det Syassistent, og da ville eg ha Symamma på ryggen min. Bokstavane har snille og flinke Silje, som har denne facebooksiden: Tråsnella Hun er utrolig dyktig og er kjempeflink til å kombinere stoff og farger, kjempe inspirerende.
 

Snurrekjole

Snurrekjole sydd til eldste jenta mi....men det var ikke så lenge den passet. Jeg feilberegna armlengden og etter 3 mnd. bruk sendte vi kjolen til hennes søskenbarn, som ble godt tilfreds med ny kjole. Stoffene er fra Kjekk og søt og mønsteret er utgp. i et Stoff og stil mønster.
 


fredag 3. april 2015

Pysj til Snuppa

Like før jul sydde eg denne pysjen til Snuppa. Den har vore mykje brukt, da eg likar passformen og stoffet kjempegodt. Mønsteret er frå Heilt spesiell og Jubel og stoffet er frå Kjekk og søt.  

søndag 15. mars 2015

Bodykjole-tutoral

Eg har sydd ny bodykjole til Snuppa, og da eg ser det er ein del som spør etter mønster eller korleis sy bodykjole så har eg laga ein tutoral på korleis eg gjer det.
 
Eg tek utgp i eit vanleg bodymønster. Eg legg til ca 1,5 cm i lengden, dette er sømmon. Eg deler for- og bakstykket i to der eg ynskjer å ha skjørtet.
 Når eg skal lage skjørtet tek eg nedre del av forstykket og legg oppå skjøretstoffet....
 ..og klipper skjøret den lengden og vidden eg ynskjer. Klipp to stk
 Ferdig klippa: For- og bakstykke, 2 ermer og 2 skjørtedeler -her har eg og litt pynt.
 Så syr eg saman delene slik: Skjørtet...
 Øverste delen av bodyen...


...og nedre del av bodyen
 Så syr eg saman skjørtet og overdelen av bodyen. Eg legg delene saman, rette mot rette og syr saman i midja


 ..da ser kjolen slik ut
 Så syr eg på underdelen av bodyen. Legg underdelen av bodyen inni overdelen, dei skal ligge vrange mot vrange. Hugs å legge bakstykke mot bakstykke og framstykke mot framstykke.
 Vreng underdelen ut av overdelen. Sømmen er no mellom underdelen og skjørtet-slik at sømmen ikkje er inni bodyen og irriterer den som har den på.
Sett i trykknaper og der er bodyen ferdig :-)
Dette er min måte å gjera det på, og det finnes heilt sikkert fleire måter. Men eg håper dette kunne vera til hjelp.

Fleire nye kjolar

Har sydd ein liten samling med kjoler. Synes desse kjolene er så kjekke, gode ein varm dag, kjekke med ein gense/ullskjorte under når det er kaldt, ein kjole som verkeleg kan brukes. Og med stor lomme forran såsmå jenter har ein stad å samle skattene sine. -berre hugs å tøm lomma før du vasker kjolen.  
 
Denne kjolen er sydd i jeansjersey og har fått prinsesse lomme
Denne er også sydd i jeransjersey, men har fått lomme i dukkevognstoff
Stoff i denne kjolen er French terrry,det fleire tenker på som "joggedress-stoff". Denne har fått lomme med skilpadder
Enno ein jeansjerseykjole, men denne er rosa. Lommene på denne har bilete av bamser.
Siste kjolen er sydd i velour, og har fått ein einhjørning på lomma.

Mønsteret på kjolene er etter utgp. frå Heilt Spesiell og Jubel, og desse er i litt ulike str.