Sydde meg ein feelgood-genser for ei god veke sidan. Vart så glad i den genseren at eg måtte sy meg ein til, men denne gongern med korte ermer, og så har eg laga den litt kortare. Også denne gongen er stoffet frå Sydilla og genseren er sydd i ca str M. Håpa på masse sommarvær så eg kan få brukt den mykje!!
(Ser at eg må kjøpe meg rosa overlocktråd før eg går laus på fleire rosa prosjekter)
torsdag 27. juni 2013
onsdag 26. juni 2013
Skjørt
Skjørt til to søte jenter.
Hadde igjen ein "rest" av dette stoffet, babycord frå Stoff og stil, og fann ut at eg skulle sy sommarskjørt til Frøkna. Fyrste forsøk vart alt for lite-kjekt å da vera tante til ei jente som også likar skjørt og kjoler. Forsøk nr 2 vart litt stort, men Frøkna er fornøgd, så da er eg det og. Mønsteret er mitt eget, og skjørta er del ca str 122 og 98.

Snurreskjerf
To gonger før har eg sydd snurreskjerf, dei kan du sjå her og her. Begge gongane har eg sydd dei i jersey og brukt to forskjellige stoff, eit mønstra ytterst og eit einsfarga inni. No ville eg prøve meg på eit i bomullsvoile/stumt stoff. Eg har kanta oppe og nede med rullefald. Skjerfe vart ikkje så stort som eg hadde tenkt, men det vart eigentleg bra lell. Har meir bomullsvoile i dette og andre farger/mønster og trur eg skal sy nokre til.
søndag 16. juni 2013
O æ sa ein liten grøn frosk...
..og denne vesle frosken bur no i kleskapet til Lillemann i form av ny genser og bukse. Froskestoffet kjøpte eg for lenge sidan og sydde ein body til Lillemann. Resen har ligget på vent til eit passande prosjekt. Det samme har den grønne velouren i buksa... Blir kjekt å ha til hausten og vinterern dette.
Froskestoffet og den grøne interlocken er frå En stor rull og velouren er frå Sydilla. Mønsteret på genseren er frå Stoff og stil og buksa er mitt eget. Str 92/98.
Froskestoffet og den grøne interlocken er frå En stor rull og velouren er frå Sydilla. Mønsteret på genseren er frå Stoff og stil og buksa er mitt eget. Str 92/98.
lørdag 15. juni 2013
Sommertopper til to små
I kveld kjem tante jentene mine på besøk, og gjett om eg gleda meg. Den eldste sydde eg kjol til i påska, ho fekk lik kjole som min eldste, så no var det yngste jenta sin tur til å få noko. Eg valde å sy ein tunika til henne i kvalstoffet frå Sydilla. Lillemann her i huset fekk ermelaustopp i samme stoff. Mønsteret er frå Ottobre, men det var skulle vera hette på både tunikaen og toppen. Men eg likar ikkje så godt hette på barneklede-så eg valde å berre sy kanting på begge to. Toppen er i str 92-og er nok litt stor til Lillemann, og så blir det spennande å sjå om tunikaen passer til lillesnuppa. Ser muligheten for at det kan bli sydd shorts og tights som passer til overdelene.....
I feeeeeeeeeeeel good...
Feelgood-genser heiter mønsteret på denne genseren/kjolen. Og dette blir nok eit favorittplagg...har alt bestilt meg meir stoff for å sy ein med korte ermer òg. Denne er sydd i herlig viskosejersey frå Sydilla og mønsteret er frå Homemade-boka.
I belive I can fly....
Sån ser genseren ut når den er i ro...
I belive I can fly....
Sån ser genseren ut når den er i ro...
torsdag 13. juni 2013
Til ei lita jente
Ei kollega av meg venter ei jente i juli, og eg fekk spørsmål om eg kunne ta på meg å sy eit sett til den lille prinsessa-og eit slikt kosleg oppdrag kunne eg jo ikkje si nei til. Mor ynskte seg omslagsjakke og omslagsbody, selebukse og lue. Eg har aldri prøvd meg på omslagsbody før, men fann mønster i Handmade boka, og det gjekk greit å sy. Det vart mykje kanting på ein slik body, og det hadde sikkert vore kjekt med ein coverpro med kantbåndsapparat, men det gjekk greit med vanleg symaskin og. Bodyen er sydd i stripete jersey frå Stoff og stil og interlock frå Sydilla.Mønsteret til buksa er Jubel sinn knytebukse. Eg har sydd den i tynn, deilig babycord frå stoff og stil og la derfor på litt ekstra vidde sidan den er beregna på elastiske stoff. Til slutt pynta eg med ei litta prinsessekrone.
Lua er sydd av mitt eiga luemønster og stoffet er jersey frå Stoff og stil. Den vordende storesøster har også lue i dette stoffet, så eg tenkte det kanskje var stas å ha lik som lillesøster.
Jakka er etter eit mønster frå Ottobre, men det er gjort ein del endringer. Den er sydd i samme mønstra jerseyen som i lua og interlock frå Sydilla.
Håper både mor og baby blir fornøgd.

mandag 10. juni 2013
Meitai
Har tidlegare skreve innlegg om eit par av Meitaiene eg har sydd. Eg sydde ein til meg sjølv da Lillemann kom til verda. Eg hadde ikkje trudd eg skulle bli så glad i den som det eg er. Den fordeler babyen/barnets kroppsvekt på hofte og skuldre til den som bærer-og babyen/barnet sitt heilt inntil bærerens kropp. Synes og det er kjekt at ein kan variere om ein vil bære på magen eller ryggen, ut i frå alder på babyen/barnet og kva ein sjølv føler for. Lillemann sett fortsatt stor pris på å få sitte i meitaien når vi skal på tur-og den tek liten plass og er lett å ta med seg.
Eg har no sydd enno fleire, det er både på bestilling og som gave da det kom eit nytt medlem i slekta.
Håper brukarane-både den vaksne og den lille blir like fornøgd med bæreselen som det eg har vore. Har fått tilbake melding frå eit par, og dei var godt fornøgd. Det er jo alltid kosleg å høyre.
Denne Meitaien er sydd i babycord frå Stoff og stil, og er til ei litta jente.
Denne er sydd i eit grov-vevd stoff, også dette frå Stoff og stil.
Desse 3 er også sydd i stoff frå Stoff og stil. Dei som skal ha dei hadde mest lyst på mørke seler, så eg valde å sy to i svart og ein i brunt, så kan dei sjølv velgje kva dei vil ha.

søndag 9. juni 2013
Snurreskjerf
Skal ha gave til to vaksne damer no i juni, og da eg var på Stoff og stil forrige veke fann eg dette stoffet og fann da ut at eg skulle sy snurreskjerf til dei begge to. Det kvite stoffet er jersey, og det er fòra inni med eit tynt stoff med stretch i akryl og ull. Det kjendes isåfall godt ut, så eg håper det er godt å ha på og at det skal varme damene. Og sidan det var stoff til eit 3. skjerf vart det eit på meg og...
lørdag 8. juni 2013
T-skjorte og knebukse til meg sjølv
Da Stoff og stilkatalogen kom i fjor vår falt eg for desse to stoffa. Stoffet i knebuksa er eit tynnt bomullstoff og i t-skjorta tynn jersey. Knebuksa vart ferdig før eg drog til Tyrkia i byrjinga av juli i fjor sommar, men t-skjorta tok det eit år før eg fekk sydd.... Ja, ja, det er isåfall ferdigt no og eg håper på masse finvær så eg kan få brukt det. Knebuksa er sydd i mitt eget mønster og t-skjorta er frå Ottobre. Den ser brei ut her, men den skal vera litt posete rundt midjen og eg synes resultatet vart bra.
Kjole i frottè
Eg har eit par kleplagg i frottè som eg er veldig glad i, og derfor har eg og sydd litt i frottè i ungane. Denne kjolen er sydd i frottè som eg kjøpte på Bjerge Design i Ebeltoft i fjor sommar. Den er kjempe mjuk, god og tynn så den passer fint til sommarklede. Mønsteret til kjolen er frå Ottobre og den er sydd i str. 116. Kragen i halsen og nederst på skjørtet er kantet med rullesøm. Det har eg prøvd berre ein gong før og ikkje følt at eg fekk til, men no vart det bra. Frøkna var veldig fornøgd med ein ny kjole.....
Sommardress og genser til Lillemann
Her er litt av det eg sydde på syhelga i Trondheim. Sjølv om det i skrivende stund er 10 grader og vind ute, så håper vi jo på godvær og at vi skal ha bruk for litt sommarklede, og sidan det Lillemann brukte i fjor er for lite i år, så har eg sydd ein sommardress og ein genser med 3/4 arm. Begge mønstra er frå Ottobre, sommardressen frå nr 3 /2013, genseren er eg ikkje sikker på kva nr. den er fra. Sommardressen er sydd i frottè frå Sydilla og kanta med interlock frå same stad. Genseren er sydd i jersey frå Stoff og stil og begge er i str 92.
tirsdag 4. juni 2013
2 årsdag- og barselgave
I mars vart ei søt, litta jente 2 år, og dagen før vart ho storesyster også. Så da kunne eg få sy både 2 årsdagsgave og barselgave. I 2 årsdagsgave sydde eg ein tunika etter mønster frå Ottobre (usikker på kva nr). Den er sydd i jersey med rådyr og soppermønster og eit bomullstoff med soppmønster, ein liten skogstunika. Til lillebror sydde eg ein sommardress i håp om finvær til sommaren.... Den er sydd i frottè frå Stoff og stil og mønsterert er frå siste Ottobre. Eg prøvde meg og på ein sanse/koseklut. Håper mottakerne vart fornøgde.
Etiketter:
koseklut,
sanseklut,
sommardress,
Tunika
mandag 3. juni 2013
Resultat av ei syhelg
Abonner på:
Innlegg (Atom)