I Mars blir vi foreldre til ein lite gutt/jente, Grynet som han/hun "heiter" pr i dag. Eg hadde lyst til å sy litt klær som Grynet kunne ha den fyrste tiden så da vart det to bodyar og to bukser. Eg har og sydd ei luetil Grynet som passer til den eine bodyen.
Begge bodyane her er sydd i str 56, da både Frøkna og Lillemann har vore lange når dei kom til verda og vaks ut av str 50 etter 14 dager. Mønsteret er frå Ottobre.
Den fyrste bodyen er sydd i økologisk jersey frå Lillestoff, kjøpt av Judith Gunter som har nettbutikken Kjekk og søt. Eg har kantet den med grøn interlock frå Textart. Trykk-knappane er frå 3exter
Den andre bodyen er sydd i jersey frå Textart og kanta med brun interlock frå Sydilla, trykk-knapper frå 3exter.
Til bodyane har eg sydd to bukser. Eg har laga dei heilt enkle utan noko pynt for at dei skal kunne passe til begge bodyane over, og andre bodyar eg har fra før.
Mønsteret på knytebuksa er frå Helt Spesiell og Jubel. Den er sydd i French Terry frå Textart og kanta med interlock frå same butikk. Denne er str 56.
Den grøne buksa er sydd av mitt eget mønster, i interlock frå Textart og linning er i interlock, denne frå Sydilla. Interlocken sitter ikkje så godt som ein linning av ribb ville gjort, men eg tenker at det ikkje gjer noko når ungen berre skal ligge. Str på denne er 56/62.
No er det berre å glede seg til Grynet melder sin ankoms :-)
Viser innlegg med etiketten Omslagsbody. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Omslagsbody. Vis alle innlegg
torsdag 16. januar 2014
Klær til Grynet
onsdag 2. oktober 2013
1 meter stoff blir barselgaver
Dette stoffet frå Stoff og stil syntes eg var så søtt. Og da eg skulle ha to barselgaver kjøpte eg ein meter. Viste ikkje om det var gutter eller jenter eller ein av kvar som var i vente, men det vart to jenter. No er barselgavene levert og eg kan vise fram kva eg fekk ut av den meteren med stoff-vart overraska over kor mykje det vart. I tillegg til det dykk seg her vart det ei lite hjelmlue str 0-3 mnd.
Alt er sydd i str 56. Buksa er Jubels knytebukse og bodyen er utgangspunkt i Helt spesiell sitt bodymønster, men det er ikkje omslagsbody, så eg har endra mønsterret litt. Lua er mitt eget mønster og den er fora med ulljersey frå Sydilla.
Håper brukarane blir tilfreds.
Alt er sydd i str 56. Buksa er Jubels knytebukse og bodyen er utgangspunkt i Helt spesiell sitt bodymønster, men det er ikkje omslagsbody, så eg har endra mønsterret litt. Lua er mitt eget mønster og den er fora med ulljersey frå Sydilla.
Håper brukarane blir tilfreds.
Etiketter:
Body,
knytebukse,
Lue med brem,
Omslagsbody,
ull-luer
torsdag 13. juni 2013
Til ei lita jente
Ei kollega av meg venter ei jente i juli, og eg fekk spørsmål om eg kunne ta på meg å sy eit sett til den lille prinsessa-og eit slikt kosleg oppdrag kunne eg jo ikkje si nei til. Mor ynskte seg omslagsjakke og omslagsbody, selebukse og lue. Eg har aldri prøvd meg på omslagsbody før, men fann mønster i Handmade boka, og det gjekk greit å sy. Det vart mykje kanting på ein slik body, og det hadde sikkert vore kjekt med ein coverpro med kantbåndsapparat, men det gjekk greit med vanleg symaskin og. Bodyen er sydd i stripete jersey frå Stoff og stil og interlock frå Sydilla.Mønsteret til buksa er Jubel sinn knytebukse. Eg har sydd den i tynn, deilig babycord frå stoff og stil og la derfor på litt ekstra vidde sidan den er beregna på elastiske stoff. Til slutt pynta eg med ei litta prinsessekrone.
Lua er sydd av mitt eiga luemønster og stoffet er jersey frå Stoff og stil. Den vordende storesøster har også lue i dette stoffet, så eg tenkte det kanskje var stas å ha lik som lillesøster.
Jakka er etter eit mønster frå Ottobre, men det er gjort ein del endringer. Den er sydd i samme mønstra jerseyen som i lua og interlock frå Sydilla.
Håper både mor og baby blir fornøgd.
Lua er sydd av mitt eiga luemønster og stoffet er jersey frå Stoff og stil. Den vordende storesøster har også lue i dette stoffet, så eg tenkte det kanskje var stas å ha lik som lillesøster.
Jakka er etter eit mønster frå Ottobre, men det er gjort ein del endringer. Den er sydd i samme mønstra jerseyen som i lua og interlock frå Sydilla.
Håper både mor og baby blir fornøgd.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




