søndag 10. februar 2013

T-skjorte, bukse og lue.

Når gradestokken kryper ned mot -25 grader ute er det fint å ha vår og sommar prosjekter inne. Lillemann har fått ny bukse i tynn bomullspoplin frå Kreativ. Den er sydd etter eit mønster frå Børnetøy 0-3 år og er str 86, men eg er litt spent på om den passer til sommaren.


Dette stoffet har eg hatt liggande ein stund, men ikkje heilt vist kva eg skulle gjera med det. No vart det ei t-skjorte til Lillemann. Den er også sydd av Stoff og stil mønster i str 86. Har gjort ei lita endring på denne t-skjorta og sydd på ein raud kant nederst. Syntes det var artigt med litt forandring. Det raude stoffet er ribb/jersey frå stoff og stil, det mønstra stoffet er eg litt usikker på kor eg har kjøpt.


Også måtte eg sy litt til meg sjølv. Håper på vår og at ull-lua kan legges burt, så da vart det vår lue med Dalahestane på. Mønsteret er mitt eget og stoffet er frå En stor rull.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar