lørdag 4. mai 2013

"Ægg å taktor"

Siste vekene har Lillemann lagt til 2 nye ord i vokabularet sitt; ægg og taktor (egg og traktor). Ægg har han nok lært seg i barnehagen. Der har dei hatt rugekasse med hønsegg, og ungane har fått følgje prosessen frå egg til kyllingar. Lillemann insisterer riktignok på at kyllingane også heiter ægg....

Bestefar har traktor, og var nok bra stolt da Lillemann kom og peika på traktoren og sa Taktor, og no snakker dei to om taktor så fort dei ser kvarandre.

Og Lillemann vart godt fornøgd da han i dag tidleg fekk ny lue med ægg (kylling) og taktor på. Han har eigentleg meir en nok luer-merkleg nok... Men eg fekk bestilling på ei lue og måtte sy ein prøvemodell, da eg ikkje var tilfreds med det mønsteret eg hadde. I stoffhylla fann eg det kvite stoffet med bondegårdsmønster frå Stoff og stil. Det var kjøpt berre fordi eg likte det, men no spørs det om eg må ha litt til...   Og da luekjøperen skulle velge seg stoff falt valget på samma stoffet + eit prikkete stoff som eg ikkje veit kor er frå. Alle luene er sydd og fora med jersey og er i str 1-2 år.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar