onsdag 26. juni 2013

Snurreskjerf

To gonger før har eg sydd snurreskjerf, dei kan du sjå her og her. Begge gongane har eg sydd dei i jersey og brukt to forskjellige stoff, eit mønstra ytterst og eit einsfarga inni. No ville eg prøve meg på eit i bomullsvoile/stumt stoff. Eg har kanta oppe og nede med rullefald. Skjerfe vart ikkje så stort som eg hadde tenkt, men det vart eigentleg bra lell. Har meir bomullsvoile i dette og andre farger/mønster og trur eg skal sy nokre til.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar