lørdag 8. juni 2013

Sommardress og genser til Lillemann

Her er litt av det eg sydde på syhelga i Trondheim. Sjølv om det i skrivende stund er 10 grader og vind ute, så håper vi jo på godvær og at vi skal ha bruk for litt sommarklede, og sidan det Lillemann brukte i fjor er for lite i år, så har eg sydd ein sommardress og ein genser med 3/4 arm. Begge mønstra er frå Ottobre, sommardressen frå nr 3 /2013, genseren er eg ikkje sikker på kva nr. den er fra. Sommardressen er sydd i frottè frå Sydilla og kanta med interlock frå same stad. Genseren er sydd i jersey frå Stoff og stil og begge er i str 92.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar