lørdag 15. juni 2013

Sommertopper til to små

I kveld kjem tante jentene mine på besøk, og gjett om eg gleda meg. Den eldste sydde eg kjol til i påska, ho fekk lik kjole som min eldste, så no var det yngste jenta sin tur til å få noko. Eg valde å sy ein tunika til henne i kvalstoffet frå Sydilla. Lillemann her i huset fekk ermelaustopp i samme stoff.  Mønsteret er frå Ottobre, men det var skulle vera hette på både tunikaen og toppen. Men eg likar ikkje så godt hette på barneklede-så eg valde å berre sy kanting på begge to. Toppen er i str 92-og er nok litt stor til Lillemann, og så blir det spennande å sjå om tunikaen passer til lillesnuppa. Ser muligheten for at det kan bli sydd shorts og tights som passer til overdelene.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar