torsdag 25. juli 2013

Klar for ein ny barnehagehaust


Sommaren går fort, og snart er det tid for barnehage igjen. Lillemann veks stadig så no har eg sydd ny joggedress til han. Den er sydd i deilig isoli med biler frå Sydilla, og einsfarga isoli frå same stad. Ribben er frå Stoff og stil. Buksa har vore ferdig eit par mnd -og den har han godkjend, så får vi sjå om det er like populært med "bomma"-genser som med "bomma"-bukse. Eg har prøvd meg litt på å sy lommer også i det siste, og det blir betre og betre. I byrjinga vart dei berre bittesmå og til pynt, men no kan Lillemann putte litt spennande ting -les grus og sand-i lomma.

Mønsteret på buksa er mitt eget, og genseren er frå Meedon, men med nokre endringar. Begge deler er sydd i str 92. men trur det er ein stor 92 str, kanskje meir ein 98...

                                                                                     

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar