onsdag 21. august 2013

Kval på bestilling..

Fekk kosleg melding her ein dag med spm. om eg tok på meg å sy eit sett til ei lita snuppe på snart 2 år. Kjempeartigt å få slike spm. Ho som spurte hadde vore her på bloggen og sett litt på det eg har sydd, og ho hadde sett sitt tantebarn i eit sett eg hadde sydd. Bestillinga vart genser, tights m/skjørt og lue. Eg fekk fritt valg i stoff- men eg ba ho som bestilte og å innom på Sydilla sin side og sjå om ho fann no jersey ho kunne tenke seg. Ut ifrå dei stoffa ho kunne tenke seg valgte eg det turkise kvalstoffet og og rosa interlock.
Eg valgte å lage mønsteret til alt saman sjølv, men har funne inspirasjon i to blader frå Ottobre.
Prøvde meg på litt rynking nede på tightsen, men ser eg kan ha enno meir rynker neste gong.

Uansett, eg vart fornøgd, og det håper eg både mor og brukaren blir og.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar