søndag 15. september 2013

Gjev TAKTORR "mamma poeng"?

TAKTORRRRR
Lillemanns mest brukte ord. Og vi har leita etter pysj til han med traktor på, men ikkje funne. Har tidlegare sydd ein pysj til Lillemann med traktor/gardsstoff frå stoff og stil-og den er populær, men Lillemann treng jo meir enn ein pysj.
Svigemor kom over ei pysjbukse med traktor frå Moodes of Norway på salg som ho kjøpte og lurte på om eg kunne sy om-og det gjorde eg. Vart ikkje nok stoff så eg fann fram den limegrøne interlocken i dag òg, og da vart det pysj. Hadde nok vorte litt mykje mønster om det skulle vore traktor på heile og da. Ein liten rest stoff vart det igjen da pysjen var ferdig og den sydde eg panneband av. Håper på litt "mamma poeng" fra Lillemann også no.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar