mandag 4. november 2013

Eit mønster, to type stoff, to ulike kjoler...

Da boka Handmade kom bestemte eg meg for å sy ein kjole derfra til Frøkna. Da Sydilla kom med festoffet sitt i ny farge for nokre veker sidan var eg kjapp til å bestille det og viste kva mønster eg skulle bruke. Festoffet har no fått ein kjempefin bringebærraud farge, og feane har fått petrolfarga kjoler. Eg er svak for petrolfargen, den er kjempefin og så vart utfordringa å finne ribb i samme farge. Eg kunne brukt f.eks kvit eller lilla ribb, men det var ikkje det eg ynskte, så da.... Heldigvis skulle ei vennine til Oslo og på Stoff og stil, så der vart redninga. Tusen takk til henne! Ho fekk med seg ein bitt at feestoffet og fann ein ribb som passa. Stoff og stil har jo nettbutikk òg, men det er så vanskeleg å sjå korleis fargane passar med kvarandre når ein berre ser bilete på nett. Kjolen skal Frøkna få til ho skal synge på konset på onsdag. Spent på kva ho seier om den. Lurer på om eg skal sy ein tights til, men litt usikker på kva farge eg skal bruke da. Kva meiner dykk bli fint?
Her ser du kjolen fra front. Det er ikkje lett å sjå her, men den har og ribb i nederkant. Ermene har fått ribb/bråt, og desse har eg sydd ekstra lange da ermane ofte vert for korte før ho veks ut av resten av plagget. På bilete har eg bretta ribb/bråtet dobbelt. Det er knappestolpe i halsen, og no føler eg har eg begyner å meistre dette bra. Trykknappene er frå 3exter.

Her ser du kjolen få bak. Den har spiss, stor hette og denne har eg fòra med kvit interlock. Her ser dykk ribbkanten nederst på kjolen litt betre.

Her er ein kjole til fra samme mønsteret. Denne kjolen er sydd i krinkelull frå Janus og kantet med ullribb i halsen og pyntet med elastisk blonde, også desse frå Janus. Krinkelullen er kvit med sylvtråder, og Frøkna er veldig fornøgd med stoffet. Kjolen har ho ikkje sett enno da den skal vera kalendergave. Istadefor ribb på ermene har eg brukt krinkelullen der òg.

Var igjen litt av festoffet, og eg hadde bestilling på ei hjelmlue og eit panneband-begge til to små jenter og valgte da dette stoffet. Håper desse og fell i smak.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar