torsdag 16. januar 2014

Klær til Grynet

I Mars blir vi foreldre til ein lite gutt/jente, Grynet som han/hun "heiter" pr i dag. Eg hadde lyst til å sy litt klær som Grynet kunne ha den fyrste tiden så da vart det to bodyar og to bukser. Eg har og sydd ei luetil Grynet som passer til den eine bodyen.

Begge bodyane her er sydd i str 56, da både Frøkna og Lillemann har vore lange når dei kom til verda og vaks ut av str 50 etter 14 dager. Mønsteret er frå Ottobre.
 Den fyrste bodyen er sydd i økologisk jersey frå Lillestoff, kjøpt av Judith Gunter som har nettbutikken Kjekk og søt. Eg har kantet den med grøn interlock frå Textart. Trykk-knappane er frå 3exter

Den andre bodyen er sydd i jersey frå Textart og kanta med brun interlock frå Sydilla, trykk-knapper frå 3exter.

Til bodyane har eg sydd to bukser. Eg har laga dei heilt enkle utan noko pynt for at dei skal kunne passe til begge bodyane over, og andre bodyar eg har fra før.

Mønsteret på knytebuksa er frå Helt Spesiell og Jubel. Den er sydd i  French Terry frå Textart og kanta med interlock frå same butikk. Denne er str 56.

Den grøne buksa er sydd av mitt eget mønster, i interlock frå Textart og linning er i interlock, denne frå Sydilla. Interlocken sitter ikkje så godt som ein linning av ribb ville gjort, men eg tenker at det ikkje gjer noko når ungen berre skal ligge. Str på denne er 56/62.

No er det berre å glede seg til Grynet melder sin ankoms :-)

2 kommentarer:

  1. Kjempefine klær; heldige Grynet!!! :)
    Jeg har sansen for at man gjør buksa litt mer anonym så man kan bruke den til flere ting.

    SvarSlett