tirsdag 25. februar 2014

Sommarklede til Frøkna

For eit par år sidan sydde eg eit sett til frøkna med t-skjorte og skjørt med tights, det brukte ho mykje, men no er det for lite. Eg tenkte ho var litt stor til å ha noko slikt no, men nei, ho kom og ba om å få det. Så da fekk ho sjølv velge mønstrastoff, medan eg tok dei andre stoffvalga. Frøkna var veldig fornøgd da ho fekk dette settet i går.

Stoffa er frå: mønstrastoff frå Kjekk og søt, ribb frå Stoff og stil og den rosa interlocken frå lageret mitt.
Mønster: T-skjorta frå Ottobre, skjørt frå Helt spesiell og jubel og tightsmønsteret er mitt
Alt er i str 122-så da håper eg ho kan bruker det neste år og ,men det er eg jammen ikke sikker på slik som ho veks:-P

Oj ja-det er berre februar,men vi har varmegrader her-mot normalt..........


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar