tirsdag 10. juni 2014

3 nye bodykjoler

I helga var Frøkna i huset invitert i barnebåd til lillesøstre til ei vennine. Stor stas å få vera med og ikkje minst utan foreldre. Men kva skulle dåpsbarnet få? Jo det vart ein bodykjole i epletrejerseyen som eg er så glad i. Og da eg fyrst sette saksa i stoffet så klippa eg ein bodykjole til Snuppa her i huset og ein som kan brukes som gave/selges samtidig. Alt stoffet er frå Kjekk og søt, og er økologisk, både ribben og jerseyen er deilig og mjuk til små babykropper. Alle tre er sydd i str 74 og mønsteret er ein kombinasjon mellom Heilt Spesiell og Jubel sitt bodymønster og mitt skjørtemønster. Ser at eg til neste gong eg syr i str 74 skal forlenge skjørtet litt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar