mandag 8. september 2014

Nye klede til barnehagestart

Lillebror skulle få ein ny genser til barnehagestart, da han har strekt seg mykje i sommar og mange av gnsarane var korte på ermene. Stoff til genser fann eg i Sverige i sommar, brannbilstoff, og guten var godt tilfreds med stoffet. Den dagen eg begynte å klippe genseren var han med meg opp på syrommet, og da eg sa dette skal bli genser ser han på meg-går burt til stoffbunken, plukker ut eit anna stoff-med bamser på og seier at DET skal bli genser også. Ja, ja, han fekk det som han ville da eg syntea han trengte gensere og derre er sydd i tynn jersey så han kan ha dei over ulltrøyer i vinter.
Begge genserne er sydd i str 104 etter mønster frå Heilt Spesiel og Jubel.
Men når eg fyrst satt der å klippa i stoffa, klippa eg ut litt meir-så no er eg tom for desse stoffa. Alltid kjekt å ha litt liggande dersom eg treng ei gave eller nokon ynskjer å kjøpe noko.

 Stoffet i desse genserne er som sagt frå Sverige/Tystugan i Mora. Ribber er frå kjekk og søt-elsker den ribben. T-skjorta er eget mønster str 3/4 år
 Bamsestoffet i denne genseren og bodyen er frå Kjekk og søt-det samme er ribben. Det krem farga stofet er fra Håndlaget av Ingrid.
Alle rester skal brukes.....isåfall det meste, så siste bitene ble til to luer og eit panneband. Prøvd meg på ein ny luemødell, med ribb kant nede. Ser ut som den sitter godt på ørene til Lillemann isåfall.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar