søndag 18. januar 2015

Sommarklede til veslesnuppa

"Snart" sommar......neida, skal nyte vinteren så lenge den varer eg. Men eg har begynt å tenkt på sommarklede til ungane, og fyrst ut er to sommarkjolar til Snuppa. Det er eit tunikamønster som eg har lagt på litt i lengde-og forhåpentleg veks Snuppa litt før sommaren, for det vart i så fall lang nok. Mønsteret er frå Ottobre, og eg er litt usikker på passformen òg, men vi får sjå til sommaren. Det er strikksaum i bringa, lettast å sjå på den grøne kjolen, og det er alltid litt spennande å sjå om eg får den strikken til å sitte eller om den rakner opp for meg. 
 
 Mønsteret er som sagt frå Ottobre, str 80. Stoffa er frå Kjekk og søt, og er mykje finare i virkeligheten enn på bilete. Den øverste har eg kanta med kantband nederst på kjolen, og stramma kantbande litt så den får litt ballongeffekt, den nederste kjolen er berre lagt på med coversaum nede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar