søndag 15. mars 2015

Bodykjole-tutoral

Eg har sydd ny bodykjole til Snuppa, og da eg ser det er ein del som spør etter mønster eller korleis sy bodykjole så har eg laga ein tutoral på korleis eg gjer det.
 
Eg tek utgp i eit vanleg bodymønster. Eg legg til ca 1,5 cm i lengden, dette er sømmon. Eg deler for- og bakstykket i to der eg ynskjer å ha skjørtet.
 Når eg skal lage skjørtet tek eg nedre del av forstykket og legg oppå skjøretstoffet....
 ..og klipper skjøret den lengden og vidden eg ynskjer. Klipp to stk
 Ferdig klippa: For- og bakstykke, 2 ermer og 2 skjørtedeler -her har eg og litt pynt.
 Så syr eg saman delene slik: Skjørtet...
 Øverste delen av bodyen...


...og nedre del av bodyen
 Så syr eg saman skjørtet og overdelen av bodyen. Eg legg delene saman, rette mot rette og syr saman i midja


 ..da ser kjolen slik ut
 Så syr eg på underdelen av bodyen. Legg underdelen av bodyen inni overdelen, dei skal ligge vrange mot vrange. Hugs å legge bakstykke mot bakstykke og framstykke mot framstykke.
 Vreng underdelen ut av overdelen. Sømmen er no mellom underdelen og skjørtet-slik at sømmen ikkje er inni bodyen og irriterer den som har den på.
Sett i trykknaper og der er bodyen ferdig :-)
Dette er min måte å gjera det på, og det finnes heilt sikkert fleire måter. Men eg håper dette kunne vera til hjelp.

3 kommentarer:

  1. Tusen takk for en fine forklaringa og bildene du har laget. Jeg skal forsøke meg på dette prosjektet til ei lita dokke som er bare 2 uker gammel:-) Men kan du gi meg et tips om hvor langt og vidt skjørtet skal være? jeg har ingen å prøve det på så er veldig glad om du tar deg tid til å svare meg. Ha en fin dag. Gerd

    SvarSlett
  2. Tusen takk for god forklaring 😊 æ har sydd min første kjolebody 🙂

    SvarSlett