fredag 8. mars 2013

Omsying

God morgen!
Ja sjølv om dagen starta tidleg så har morgonen vore god, isåfall her i huset. Lillemann strålte som ei sol kl 5:30, og det smitta nokså raskt over på mor. (Det er det ikkje kvar dag det gjer.) Etter ein liten matbit leika Lillemann seg fint på golvet, og eg kunne få sydd ferdig ei bukse til han. Den er sydd av pappas gamle bukse i mikrofiber. Buksa er kjempe mjuk og god. "Bøtæn" på knærne vart til store, men kan vel ikkje vente anna når dei eigentleg var sydd til ein vaksen person. Lillemann var nok fornøgd, for han prøvde å ta på seg buksa med ein gong.

Ynskjer alle ein fin dag!

2 kommentarer: