onsdag 21. august 2013

Førskulekjole til førskulejenta

Heilt sidan nyttår har husets Frøken gleda seg til ho skulle bli førskuleunge i barnehage, og no, endeleg, er ho det.
Kom på at eg hadde eit "skulestoff" liggande, trur det er poplin, som eg kjøpt hjå Kreativ i vår utan å ha noko mål og meining med det. Og no fann eg ut at eg skulle sy ein førskuletunika til Frøkna (ho har jo mange kjoler fra før).
Eg tok utgp. i eit t-skjortemønster frå Ottobre og sydde ein kort overdel i interlock frå Sydilla. Så sydde eg på skjørtet i "skulestoffet". Var redd for at det skulle bli for kort, men da Frøkna kom heim i dag såg eg at den vart meir enn lang nok-så det vart ny kjole på henne istadefor tunika. For å få meir heilheit valgte eg å sy eit knyteband i rosa interlock å ha i overgangen mellom overdel og skjørt. Og for å pynte litt ekstra så applikerte eg A B C på både overdelen og skjørtet.

Frøkna var godt fornøgd-og da får vel mor vera det og :-) Neste prosjekt til henne er tunika/genser type feelgood som eg har sydd til meg sjølv.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar