tirsdag 1. oktober 2013

"Bruk tida til noko positivt, noko som er positivt for deg."

"100% sjukmeldt" ikkje mange som liker å få den beskjeden, sjølv om vi kanskje kjenner på kroppen at noko ikkje er som det skal/at det trengs. Eg har alltid vore i aktivitet og sitt ikkje mykje i ro. Da eg i haust vart sjukmeldt og fekk beskjed om å roe meg vart eg usikker på kva eg skulle gjera no. Eg hadde gleda meg til å komme tilbake på jobb etter sommaren, men plutselig var det ikkje det eg skulle... "Bruk tida på nok positivt, noko som er positivt for deg." var rådet eg fekk frå helsepersonell. Og sidan eg trives godt med ulike handarbeidshobbyar-og i det siste har sying stått øverst på lista så vart det dette eg har brukt ein del tid på i det siste. Har ikkje alltid vore lett å sette seg med det heller, tenker jo på at ein egentleg skulle vore på jobb, det er der tankane har vore, det er der eg helst ville vore. Men etterkvart så har eg stortsett funne meg i at situasjonen er som den er og tenker at da får eg prøve å gjera det beste ut av det.
Siste vekene har eg brukt tid på å sy luer og panneband, noko blir gaver og noko selger eg vell-ellers "brenn eg inne" med det. 
Eg var å så heldig at eg fekk vera med å glede nokre kreftsyke barn. Ei anna syglad dame skulle eigentleg sy luer til 30 kreftsyke barn som fekk drømmedag med Widerø, sjå her. Men da ho fekk senebetennelse fekk eg og 2 andre syglade damer gleden av å hjelpe til litt. Så kosleg å få gjera noko for nokon andre.

Her er det eg har sydd siste vekene. Ulike str på alt saman, her er det berre sortert etter mønster.




2 kommentarer:

  1. Du er tøff som forteller omverdenen at livet ikke alltid er en dans på roser! Stå på videre med både sying og alt ellers!

    Stor klem fra mæ

    SvarSlett