søndag 1. desember 2013

Nye luer til husets smånisser

Advent og tid for nisser og nissestreker. Har sydd nisseluer til smånissene her i huset. Endra litt på luemønsteret eg har, laga innerlua litt kortare en vanleg, og ytterlua klippa eg i ein spiss, som ei nisselua, og så sydde eg på fleeskant nede. Alt stoffet er frå Stoff og stil, flees i innerlua og jersey i ytterlua.

Lillemann vart så fornøgd med ny lue at han tok den på med ein gong han kom frå bhg.-insisterte på å ha den på under middagen, ned på bading-var greit å ta den av i bassenget da. Så kom den på igjen med ein gong han var ferdig med å bade og den satt på hovudet til han gjekk og lagg seg. Når det ein syr vert tatt imot slik er det verkeleg artigt å sy.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar