søndag 1. desember 2013

Ull er gull

Ull er gull, og her er litt ulltøy til gulla her heime. Eg er sjølv glad i å gå i ull, og går mykje i ullskjorter og ullsingletter sjølv. Til ungar har eg ikkje funne så mykje ullsinglettar, så da ordna eg sjølv.... På bilete er og ein ullbuff til Lillemann.

Mønstra til singlettane har eg funne i boka Sy glade barneklær av Heilt spesiell og Jubel, str 92 og 116. Ullen til singlettane har eg kjøpt frå Janus. Lillemann sin singlet har fått ein ekstra linning nede, da eg ikkje var tilfreds med lengden på singletten. Han har og fått vinyltrykk av ein gravemaskin på bringa. Singletten til Frøkna har fått elastisk blondelinning nede-både som pynt og til nytte. Eg har og prøvd meg på FOE (fold over elastik)/elastisk skråband/kantband rundt halsen og armene, på denne singletten-det skal eg gjera meire av.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar