torsdag 16. januar 2014

Førebuing til sommar...

Ute viste gradestokken -20, inne vart det fyra og kjendes ut som det var sommar....Så da vart det sydd singletter til Trolla. Alle singlettane er sydd med utgp. i Helt Spesiell og Jubel sitt mønster. Lillebror fekk ein i monstertruckjerseyen til Sydilla, kanta med Hilco interlock, kjøpt på samme stad, og ein med mus i hatt jersey frå stofflageret mitt. Denne er kantet med raud ribb frå Stoff og Stil. Begge singlettane er i str 98.

Frøkna fekk og to singlettar, begge i str 122. Begge har hovudstoffet frå Sydilla. Den eine er i den herlige muffinsjerseyen og kanta med rosa interlock frå Hilco, også frå Sydilla.

Ho fekk og ein i Feejerseyen til Sydilla, den er kanta med turkis ribb frå Stoff og Stil. Den turkise ribben er også brukt i tightsen. Den er sydd for å passe til denne kjolen. Eg er og "lei" av at det blir hull på knærne på tightsene, så derfor har denne fått "bøt" på knærne.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar