mandag 24. februar 2014

Artig skrue-hettelue

Fekk spm. frå ei vennine før helga om eg trudde denne lua var vanskeleg å strikke, eg las gjennom oppskrifta og svarte henne. Så fekk eg lyst til å strikke ein sjølv, det såg ut som den satt så godt på hovudet. Mønsteret er frå Pickles og heiter Artig skrue-hettelue. Eg har valgt å stikke den i babyull da det skal vera ei god og varm lue som ikkje skal klø på eit lite barnehovud. Eg hadde litt babyullrester liggande så eg valgte å bruke opp dei restane. Lillemann meinte han hadde fått fin nisselue :-) . Men sidan gradestokken no viser varmegrader har han ikkje fått testa den ute enno. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar