fredag 14. februar 2014

Nye klær til Lillemann og Grynet

I nettbutikken http://www.kjekkogsoet.com fann eg dette søte stoffet med kaniner som kjører bil. Lillemann snakker mykje om kanin og er jo glad i å kjøre bil så dette syntes eg var midt i blinken til han. Eg sydde derfor t-skjorte til han. Den er så stor at han kan bruke den over ullskjorter no og får derfor litt lenger brukstid en berre sommarbruk.
Da t-skjorta var ferdig fekk eg spm. frå Judith Gunter som driver nettbutikken om ho fekk legge ut bilete av tskjorta på facebooksiden til butikken, svarte sjølvsagt ja, det var jo eit kjempekosleg spm. å få. Her er linken til facebooksida: https://www.facebook.com/kjekkogsoetstoffer?hc_location=timeline

Mønsteret er eit utgp. frå Stoff og stil og er str 92.

 Men det var igjen meir stoff så da vart det body og bukse til Grynet i magen også.
 Bodyen er sydd i Helt spesiell og Jubel sitt mønster, men litt endringer. Den er str 62 og har fått knapper på begge skuldrene.
-og for å utnytte stoffet mest mulig vart det bukselommer av siste rest. Det er berre jukselommer, da dei små ikkje har behov for lommer. Gjorde ein liten tabbe da eg sydde buksa, for eg glemte å legge til sømmon, men får håpe den passer lell.
Mønsteret på buksa er eget, sydd i str 62,  isolien er frå Sydilla og ribb frå Stoff og stil.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar