Da eg bestilte kanin i bil stoffet frå Kjekk og søt, fann eg også dette stoffet med sol og skyer og syntes det òg var kjempe søtt. Sidan Lillemann skulle ha solfest i barnehagen så sydde eg t-skjorte han kunne ha denne dagen, og han var veldig stolt da kan kom i bhg. med sol på t-skjorta. Han var og søt da eg viste den til han, saman med bodyen som eg har sydd til Grynet. "Denna min, isse bebi sin." sa han om t-skjorta.
Bodyen er sydd i Helt Spesiell og Jubel sitt mønster i str 56, men med litt ekstra vidde. T-skjorta er sydd med utgp. i eit mønster frå Stoff og stil. Ribben er også frå Stoff og stil.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar