mandag 10. februar 2014

Turndrakt

Når det skal vera treningssamling for turnarane og både mor, far og mormor er engasjerte og skal vera i hallen i ulike roller, så blir det jo til at Frøkna og Lillemann også må vera med. -ikkje at dei hadde så mykje imot det. Men Frøkna meinte ho trong turndrakt, så da vart det det. Neste år skal ho byrje på turn sjølv så da var det heilt greit å sy ein til henne no.

Den er sydd i str 116 i fejersey frå Sydilla og ribb frå Stoff og stil. Mønsteret har eg bestilt frå england. No har Frøkna bestilt seg ein i "gull", da ho såg det var bilete av ein gulldrakt på mønsteret.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar