mandag 8. september 2014

Ny kjole til skulejenta

Eg hugser enno kva eg hadde på meg fyrste dag i fyrsteklasse, kvit t-skjorte med krage, ljos bukse og ljose sko. No var det frøkna i huset som skulle begynne på skulen, og eg spurte kva ho skulle ha på tidleg i sommar, tenkte vi fann noko på ferie. Men Frøkna fann ein kjole i skapet ho ville ha, og det var heilt greit. Men da eg sydde nye gensere til Lillemann til bhg.start så fann ho og ut at ho ville ha noko nytt. Ho fekk velge fritt i stoffhyllene og sjå i mønsterbladene mine. Her er resultatet og Frøkna var kjempe tilfreds.
Mønster har utgp. fra Ottobre. Den mønstra jerseyen er frå Håndlaget av Ingrid, og jerseyen eg har kanta med er frå Kjekk og søt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar