torsdag 12. mars 2015

Stjernesett til Snuppa

Mint er ein nydelig farge, og French terry er ein deilig og mjuk stofftype, og stjerner er jo fint, så da måtte jo denne kombinasjonen bli eit godt sett til Snuppa.
Stoffet på ermene er jersey og det er ein reste eg hadde, men syntes den var så fin så eg ville sy noko til Snuppa av det. Nokre av stjernene er mintfarga, derfor eg valgte den som hovedstoff.
 
 Eg ville utfordre meg sjølv litt på ting eg ikkje har gjort så mykje, så her har eg valgt  applikere på masse stjerner. LItt arbeid medan ein driver på, men moro å sjå etterpå. Det ble 3 stjerner på brystet framme og ein bak på syggen på bodyen. Buksa fekk stjernedryss nedover heile eine buksebeinet.
 Alle stoffene er frå Kjekk og søt.
Her ser ein litt betre dei applikerte detaljene.
 Og den nydelige knappen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar