lørdag 27. april 2013

Bukse og t-skjorte til meg

Det er stortsett dei yngre i huset som får kleda eg syr. Men denne gongen var det min tur. Eg har hatt lyst til å sy meg ei god, vid bukse, og no har eg endeleg gjort det.
Har tatt utgangspunkt i to bukser eg hadde i skapet og "lagt til" litt sjølv. Har litt å lære på å lage mønster sjølv enno, og skal utvikle mønsteret vidare. Men buksa er absolutt noko eg kjem til å bruke. Sydde også t-skjorte til. Alt stoff er frå stoff og stil. T-skjorte mønsteret er frå Ottobre.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar