lørdag 27. april 2013

Sommarkjole

Av og til finn ein stoff ein berre må ha, og så finn ein ut kva ein skal sy etterpå. Dette stoffet var slik; småblomstret babycord frå Stoff og stil. Kjempe søtt stoff syntes eg. Og da det kom i hus var det berre å leite etter mønster. I Stoff og stil katalogen var det sydd kjole av stoffet, og sidan Frøkna her er så glad i kjoler leita eg nok litt ubevist etter det. Eg ente med eit minikrea mønster som er har brukt til ein kjole til Frøkna ein gong før. Den gongen sydde eg den med lange ermer og i velour, kjolen ser du her. Denne kjolen fekk puffermer og er sydd utan lommer. Frøkna vart kjempe fornøgd.



1 kommentar: