mandag 10. juni 2013

Meitai

Har tidlegare skreve innlegg om eit par av Meitaiene eg har sydd. Eg sydde ein til meg sjølv da Lillemann kom til verda. Eg hadde ikkje trudd eg skulle bli så glad i den som det eg er. Den fordeler babyen/barnets kroppsvekt på hofte og skuldre til den som bærer-og babyen/barnet sitt heilt inntil bærerens kropp. Synes og det er kjekt at ein kan variere om ein vil bære på magen eller ryggen, ut i frå alder på babyen/barnet og kva ein sjølv føler for. Lillemann sett fortsatt stor pris på å få sitte i meitaien når vi skal på tur-og den tek liten plass og er lett å ta med seg.
Eg har no sydd enno fleire, det er både på bestilling og som gave da det kom eit nytt medlem i slekta.

Håper brukarane-både den vaksne og den lille blir like fornøgd med bæreselen som det eg har vore. Har fått tilbake melding frå eit par, og dei var godt fornøgd. Det er jo alltid kosleg å høyre.

Denne Meitaien er sydd i babycord frå Stoff og stil, og er til ei litta jente.


Denne er sydd i eit grov-vevd stoff, også dette frå Stoff og stil.


Desse 3 er også sydd i stoff frå Stoff og stil. Dei som skal ha dei hadde mest lyst på mørke seler, så eg valde å sy to i svart og ein i brunt, så kan dei sjølv velgje kva dei vil ha.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar