torsdag 13. juni 2013

Til ei lita jente

Ei kollega av meg venter ei jente i juli, og eg fekk spørsmål om eg kunne ta på meg å sy eit sett til den lille prinsessa-og eit slikt kosleg oppdrag kunne eg jo ikkje si nei til. Mor ynskte seg omslagsjakke og omslagsbody, selebukse og lue. Eg har aldri prøvd meg på omslagsbody før, men fann mønster i Handmade boka, og det gjekk greit å sy. Det vart mykje kanting på ein slik body, og det hadde sikkert vore kjekt med ein coverpro med kantbåndsapparat, men det gjekk greit med vanleg symaskin og. Bodyen er sydd i stripete jersey frå Stoff og stil og interlock frå Sydilla.Mønsteret til buksa er Jubel sinn knytebukse. Eg har sydd den i tynn, deilig babycord frå stoff og stil og la derfor på litt ekstra vidde sidan den er beregna på elastiske stoff. Til slutt pynta eg med ei litta prinsessekrone.


Lua er sydd av mitt eiga luemønster og stoffet er jersey frå Stoff og stil. Den vordende storesøster har også lue i dette stoffet, så eg tenkte det kanskje var stas å ha lik som lillesøster.
Jakka er etter eit mønster frå Ottobre, men det er gjort ein del endringer. Den er sydd i samme mønstra jerseyen som i lua og interlock frå Sydilla.
Håper både mor og baby blir fornøgd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar