tirsdag 13. august 2013

Ikkje alltid lett å bestemme seg

Skulle sy ei barselgave til no venner som fekk ei lita jente no sommar. Begynte å leite litt i stofflageret og endte opp med to stoff som eg ikkje klarte å kombinere. Resultatet vart at eg sydde to kjoler/tunikaer. Begge to er sydd av samme mønster, form 1,5 kjole fra Meedon. Mønsteret er nokså bredt, så neste gong eg skal sy av dette mønsteret vil eg gjera ein del endringar seg eg.

 Kanin kjole, str 68. Sydd i jersey som eg trur kjem frå Kreativ, kantet med kvit ribb frå Stoff og stil.

Kjole i blå dongri med kvite prikker. Dette stoffet har eg fått i gave. Kjolen er kantet med raud ribb frå Stoff og stil, og eg har applikert på to raude hjarta. Nederst har eg laga ein "rynkekant" av ribb.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar