tirsdag 13. august 2013

Nye klær til barnehagestart...

...eller det var isåfall det som var planen, men buksa vart ferdig fyrst i dag, og Lillemann har fyrste dag i dag,  men men..... Alt stoffet er frå Stoff og Stil og settet er sydd str 92, men med litt ekstra lengde i armer og bein. Buksemønsteret er mitt, og det er fyrste gong eg har sydd lommer utanpå, artigt og litt dekorativt når ein kanter med ribb. På buksa har eg og applikert på biler som er dei samme som er på genseren. Mønsteret til genseren er i utgp. ein mønster frå Stoff og stil, men med ein del endringar. Eg har brukt økologisk ribb fra Stoff og stil, da eg syntes denne passa beste i farge, men eg er kjempe skuffa over elastisiteten i den, den er veldig lite elastisk.

No er det berre å vente på at Lillemann skal komme heim og sjå kva han synes om nye klede....

                                                   Front

                                                   Bak

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar