søndag 22. desember 2013

Juleklede til ungane

Da viser kalenderen 23. desember 2013, og det er straks klar for julekveld her i huset. Tidleg i vår sette eg meg som mål å sy juleklede til ungane (kjole til Frøkna og vest til Lillemann). Men tiden gjekk og det einaste eg hadde var stoffet...desember kom og vart ein litt tung mnd. energien var relativt fraværende og vi fekk dødsfall i nærmaste familie. Men da eg "vakna"litt og fekk tips til kva type kjole eg kunne sy til Frøkna,  løsna faktisk mykje. -og her ser du kjolen til Frøkna. Den er sydd i brokade og silke frå Rainbow tekstil, og mønsteret heiter Feliz-kjole. Den er sydd i str 122/128 så eg håper den passer lenger enn berre til jul. 
 Feliz-kjolen har eg sett i fleire varianter, ma. med kapper på midtstykket bak, det er også fint, men syntes det ble litt mykje om eg skulle hatt det på denne.
 Og Frøkna vart fornøgd, og kjolen bestod snurretesten!!
 Lilleman har fått vest i samme brokadestoffet, men i turkis istade for lilla. Vestemønster fann eg ikkje, men eg fekk låne meg ein vest i str 92 og teikna mønster utifra den.
Det er fyrste gong eg syr i brokade og silke og eg har heller ikkje mykje erfaring med fòrstoff som det er i vesten. Litt plundring vart det og eg er ikkje 100% fornøgd. Men eg har lært mykje gjennom prosessen og det er jo også viktig.

No gleder eg meg til å pynte ungene i morgon ettermiddag.

Ynskjer alle ei fin og roleg juletid.

1 kommentar: