lørdag 4. januar 2014

To UFOer er endelig ferdige....

UFO-uferdig objekt....

Her er to av mine som dukka fram da eg rydda på syrommet før jul. Stoffet til skjørtet fann Frøkna i ei restekasse på Handarbeidstuggu for over eit år sidan. Det er lenge sidan skjørte var ferdig klippa og eg hadde begynt å sy det saman, men...... Men no kan endeleg Frøkna ikle seg "gull"skjørtet sitt. Mønsteret på skjørtet er mitt eget og er ca str 5-6 år.

Denne genseren har ikkje ligget så lenge, men den har og vore burtgløymt. Det er ein feelgoodgenser-som eg har sydd eit par av før og. Denne har eg endra litt i ermene og gjort litt kortare en dei andre. Når magen krymper inn igjen til normal str igjen no så gleder eg meg til å ta den i bruk. Mønsteret er som sagt Feelgoodgenser frå Handmadeboka og str er ca s/m. Stoffet er jersey frå Stoff og stil.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar