lørdag 12. april 2014

Luer til to tøffingar

Litt for tidleg oppe her ein dag, så da fekk eg sydd to luer eg ein stund har tenke eg skulle sydd.
Den fyrste lua er til ein kamerat som likar Angry Bird.Stoffet er kjøpt hjå Sydilla. Håper han blir tilfreds.

Den andre lua er til Lillemann. Solbriller henger jo ikkje alltid på, så da tenkte eg det var kjekt med lue med brem på. Eg har sydd ein før, med knepping under haka, men no er Lillemann så stor at han ikkje treng knepping. Luebremmen på den andre lua hadde og nokre nybegynner feil på, men eg fekk "plukka burt" dei på denne. Lillemann var så fornøgd da han reiste i barnehagen  i ny lue. Stoffet i denne lua er frå Kjekk og søt-deilig økologisk jersey.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar