lørdag 12. april 2014

Nye bukser til Frøkna, Lillemann og Lillesnuppa

I påska skal vi til fotograf og da tenkte eg det var kjekt om ungene hadde litt klede i samme stil. Det hadde dei ikkje så da sydde eg desse buksene/tightsen. Eg kjøpte jeansjersey frå Kjekk og søt, rosa til jentene og blå til Lillemann. Frøkna, som ikkje er no glad i bukse fekk tights, medan Lillemann og Lillesnuppa fekk bukser. Dette er fyrste gong eg prøver meg på baklommer, ikkje heilt utlært der ser eg, men øvelse gjør mester.

Mønstrene på buksene og tightsen er mine egne, og desse er i str 56, 98 og 116/122

Stoffet er så mykt og deilig og passer godt til barne/babyklede, men jammen er det godt til vaksne og-så eg har bestilt meg svart jeansjersey og skal sy tights til meg sjølv òg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar